donderdag 19 februari 2026

Agálas johtin

  



Quora, oppdatert 12. jan. 2026:

Kan samene fra Norge, Sverige og Finland forstå hverandre?

Det finst 9~10 levande samiske språk i Noreg, Sverige, Finland og Russland, og grensene mellom desse språka følgjer ikkje statsgrensene, fordi dei utvikla seg før nordmenn, svenskar, finnar og russarar la ulike delar av dei samiskspråklege delane av Fennoskandia under seg. 

(Eg skriv «9~10 levande samiske språk» fordi statusen til akkalasamisk er uklar.)

(Dei samiske språka stammar frå ursamisk, som blei snakka om lag på same tid som urnordisk, dvs rundt dei fem første hundreåra etter Kristi fødsel. Det er vandringsrutene til reindriftsamane – mellom sommarbeite og vinterbeite – som har bestemt grensene mellom språka. Vandringa skjer på tvers av den skandinaviske halvøya.) 

Sørsamar i Sverige og Noreg snakkar same språket og skjønar med andre ord kvarande, men di lenger nordover og austover du kjem i Fennoskandia, di vanskelegare er det for ein sørsamisktalande å forstå andre samiske språk. Ein sørsame kan truleg forstå ein god del ume- og pitesamisk, men så er det slutt. Nordsamar og sørsamar snakkar saman på norsk og svensk.

Dei som snakkar nordsamisk, forstår lulesamisk relativt greitt, men ume- og pitesamisk er det nok verre med. Dei samiske språka lenger aust, frå enare- og skoltesamisk og vidare bortover på Kola, er vanskelege å forstå for nordsamisktalande. For over 50 år sidan – da eg studerte nordsamisk – følgde eg eit kurs i enaresamisk ved Universitetet i Oslo, og dei nordsamisktalande studiekameratane mine hadde ikkje noko lettare for å forstå tekstane enn eg. Men dei nordsamisktalande i Noreg forstår utan vidare nordsamisk i Sverige og Finland. Eg har møtt nordsamisktalande samar frå Finland som har jobba i Karasjok. Dei brukar nordsamisk i jobben. Dei kan finsk (og engelsk) i tillegg til nordsamisk, men norsk kan dei ikkje.

Skoltesamar i Noreg, Finland og Russland forstår kvarandre.


Quora/Rolf Theil




Wimme - Agálas johtin / Eternal journey.